Røyelen - Fávrresorda og Kildalen
2003-12-04
			
			
			Røyelelva kjem frå den skoglause leina Fávrresorda mellom Roggilnjunni, Ávku og Bálggesoaivi.  Alle fjella ikring er kjente botaniske lokalitetar: I Ávku finn vi den endemiske underarten avkuvalmue (Papaver radicatum ssp. avkuënse), i Bálggesoaivi finn vi svartkurle (Nigritella nigra), og i Lulisfjell veks bergjunker (Saxifraga paniculata ssp. laestadii).
			
			
		Det undersøkte området - Kulturpåverknad og tekniske inngrep
2003-12-04
			
			Av Hartvig Sætra
Når dalen er bebygd i ei lengde av 53 km, seier det seg sjølv at både jordbruk, skogbruk og vegbygging har sett sine merke.  Elveforbygningar og masseuttak har influert på elveløpet, men neppe i så stor grad som naturkreftene.  Det har funnest planar om kraftutbygging i vassdraget.  Desse har nå lita interesse, men ein kan lese om dei i florarapporten, (Sætra 1986).
			
			
		Here, fishy fishy fishy...
				
			
				
